HRD TRENING
GJER LIVET LETTARE.
Velg det ukomfortable og tren functional fitness på Hardingboksen i Øystese.
Neste introkurs er 4. oktober!
Functional fitness i Kvam
Me er eit senter for functional fitness i Øystese, Kvam. Treningsformen som har blitt popularisert av CrossFit, består blant anna av vektløfting, styrkeløft, kroppsvekttrening, turn og uthald. Alt med høg variasjon og intensitet, pakka inn i økter på éin time. Dette er trening som passar for alle, og samtlege økter og øvingar blir tilpassa til deg.
På Hardingboksen har me timar på morgon, formiddag og kveld. I tillegg er me opne for eigentrening frå 07:00-21:00 for våre medlem. Då kan du trena på det du ønsker, enten åleine eller saman med andre.
Er denne treningsformen ukjent for deg, kan du prøve timane våre på torsdagar og laurdagar. Og ønsker du å få ein skikkeleg innføring, få tilgang til samtlege timar med drop-in og klyppekort, eller bli eit fullverdig medlem, må du ta eit introkurs.

Me tilbyr barseltrening!
Les kva nokre av våre medlem seier

Hrd trening gjer livet lettare.
Å trene på Hardingboksen skal alltid vere moro, men på ingen måte lett. Du må ha disiplin til å møta opp veke etter veke, òg på dei dagane du ikkje er mest gira. Og heile fellesskapet forventar at du gjennomfører øktene så godt du kan, og at du presser grensene dine etter beste evne, gong etter gong.
Det er hardt og ukomfortabelt akkurat mens du held på. Men, det er når du velger det harde og ukomfortable at du får det mest komfortable livet – det lettaste livet. Eit liv med god fysisk styrke og uthald, og ein rå psyke. Eit liv der kroppen kan gjere det hovudet vil.
Få siste nytt rett i innboksen
Alle er velkomne.
Har du sett etter ein stad du kan føle deg heime utanfor heimen din? Og leita etter eit fellesskap som gjer at du held fram med å møta opp på trening?
Boksen vår er venleg, inkluderande og innbydande for alle, uavhengig treningserfaring og ambisjonar.
Vårt mål er ikkje å bli så store som mogleg. Me har faktisk eit øvre tak på antall medlemskap som kan selgast. Hjå oss er målet å skape eit tett fellesskap som vil hjelpa deg å oppnå god helse, livskvalitet og tilhøyre. Her kan du knyta band med andre. Vere med likesinna som motiverer deg til å trena – igjen og igjen.
På Hardingboksen skal du ha det kjekt på trening. Sjølv om treningane ofte er harde. Men, me sørger for at når du går ut døra er du allereie gira på neste økt. Det er ein del av vår treningskultur. Skapt av vårt fellesskap.

BLI MEDLEM FOR Å FÅ TILGANG!
Send oss ei melding
Lurer du på medlemskap, introkurs, personleg trening eller kva som helst anna som gjeld Hardingboksen og functional fitness? Me står klare til å svara på dine spørsmål!
Følg oss på Instagram